Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

Verdiar og forteljemåtar i folkedikting - analyser og skriv

Verdiar og forteljemåtar i folkedikting

S3 Folkediktning.jpg

1 Typisk forteljemåte for folkedikting

Munnlege forteljingar som stadig har blitt overlevert frå ein generasjon til ein annan, er gjerne bygde opp etter eit bestemt mønster eller formel. Vi kallar det ofte for formeldikting.

Du finn oversikt over desse formlene på side 201 i studieboka, eller i oppgåva "Episke lover i folkediktinga" her på nettsida.

  • Les eventyret om Askeladden på side 26 i Signatur 3 tekstsamling.
  • Lag ei stikkordsliste over dei elementa du fann i dette eventyret som viser at dette er typisk forteljemåte for munnleg overleverte historier.

2 Typiske verdiar for eventyr

Helten i eventyret er ofte liten og ubetydeleg og treng gode hjelparar for å sigre i kampen mot vonde makter. Eventyra endar alltid med at det vonde sigrar over det gode.

  1. Korleis passar Askeladden inn som ein typisk eventyrhelt?
  2. Korleis klarer han å løyse oppgåva han blir sett til? Kva «vonde» makter må han kjempe mot?
  3. Kva belønning får helten i dette eventyret? Er det nokon vonde her som får si straff?

3 Samanlikning med tekstar frå vår tid

I moderne tid finst det mange filmar og bøker som er bygde opp kring same formel som dei tradisjonelle folkeeventyra. Døme kan vere Mio, min Mio og Brødrene Løvehjerte av Astrid Lindgren, Drømmen om Narnia av C.S.Lewis, Ringenes herre av Tolkien og bøkene om Harry Potter av J.K. Rawlings.

  • Ta for deg ei bok eller ein film frå vår tid som du synest har mykje til felles med eventyrsjangeren. Skriv ein tekst på 250 ord der du kort gjer greie for kva som er typiske eventyrliknande trekk. Peik på desse trekka heilt konkret. (Eit stikkord kan vere: Korleis vil du beskrive helten?)