Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Analyse av «Detalj av usynlig novemberlandskap» – skriveramme

Analyse av «Detalj av usynlig novemberlandskap» (Inger Hagerup)

S3 Inger Hagrup.jpg

Diktet står nedst på sida (og på s. 230 i Signatur 3 tekstsamling).

Last ned skriveramma her: Analyse av «Detalj av usynlig novemberlandskap».

Skjema for diktanalyse finn du her: Diktanalyse – skjema.

Innleiing


Presenter diktet med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga det stod i.

Diktet «Detalj av usynlig novemberlandskap» er skrive av ...


Konkret innhald (motivet)

Beskriv innhaldet i diktet med dine eigne ord. Kva slags situasjon blir skildra? Kva opplever eg-personen i diktet?

Diktet handlar om eit skoddeland som ...

Men skoddelandet er samstundes ei skildring av «eg» i diktet fordi ...


Oppbygning

Beskriv kort korleis diktet er bygd opp (strofer og verselinjer, rim og rytme).

Diktet er delt inn i seks strofer med berre to linjer i kvar strofe ... Kvar strofe inneheld...

Dei to første strofene skildrar ...

Dei neste strofene ...


Verkemiddel

Kva slags verkemiddel bruker forfattaren? (ord som skaper stemning, språklege bilete, gjentakingar)

Stemninga i diktet er ...

Dei stemningsskapande orda er ...

Forfattaren bruker mange metaforar, som «skoddeland» ...

Også tittelen er ein metafor ...

Siste strofe er ei gjentaking av første strofe. Men siste gong er litt annleis fordi ...


Tema

Kva handlar diktet eigentleg om? Kva dreier skoddelandskapet seg om?

Vi får aldri vite direkte kva «skoddelandet» er ...

Vi må gjette oss til kva metaforar som ...., ..., ... betyr. ...

Eg trur temaet kan vere ...


Avslutning

Skriv di eiga meining om diktet og korleis det verkar på deg.

Eg synest diktet var ...


 

Detalj av usynlig novemberlandskap

Midt i det skoddeland som heter jeg
står det et gammelt veiskilt uten vei.

Det står og peker med sin morkne pil
mot skoddemyrer og mot skoddemil.

Jeg leter fåfengt etter navn og tegn.
Alt alt er visket ut av sludd og regn.

Det stod en gang det sted jeg skulle til.
Når ble det borte og når fòr jeg vill?

Jeg famler som en blind mot dette ord
som skulle vist meg veien dit jeg bor.

Midt i det skoddeland som heter jeg
Står det et veiløst skilt og skremmer meg.

Av Inger Hagerup. Frå Hjertets krater, 1964

 

Ordforklaringar
skodde – tåke
skoddeland – eit tåkete landskap
fåfengt – til inga nytte