Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

Ibsens «Vildanden» – sjå og skriv

Ibsens «Vildanden»

S3 Vildanden.jpg

Eit fullstendig undervisningsopplegg finn du på lærersida.

Sjå første og andre akt av stykket i Fjernsynsteaterframsyninga på NRK Skole
(til ca. 0:50).

Spørsmål

  1. Hjalmar Ekdal blir framstilt som ein innbilsk og forfengeleg type. Korleis kjem dette fram?
  2. I kva scener kjem motsetnadene mellom å sjå/å vere blind og lys/mørker fram i første akt?  Kva funksjon har dette? 
  3. Korleis er Hjalmars referat frå selskapet? Samanlikn det han seier med det vi får vite i første akt.
  4. Ibsen karakteriserer personane gjennom replikkane. Gi døme på dette hos Hjalmar, Gina, gamle Ekdal og Hedvig.
  5. Karakteriser forholdet dei ulike personane har til villanden. Kva kan fuglen symbolisere?

Skriveoppgåve

"Mitt møte med Vildanden"

Skriv ein tekst på minst 500 ord med overskrift: Mitt møte med «Vildanden». Skriv ærleg om skodespelet appellerer til deg i dag, om du synest du kan lære noe om korleis slike klassiske tekstar tek opp viktige eksistensielle spørsmål eller om det er ein «død» tekst som berre har historisk interesse. Trekk fram ein av karakterane i stykket som du blei oppteken av og forklar kvifor du valde denne personene.  

 Få òg med kva du meiner om det Dag Solstad har uttalt til bladet Skolefokus (1995):

«Visst skal elevene kjede seg! Det skulle bare mangle om de ikke kjedet seg når kulturarven ble gjennomgått. Det hadde ikke vært mye til kulturarv hvis det ypperste vi hadde innen litteratur fullt ut ble forstått og verdsatt av 18 år gamle, umodne mennesker, med banale såpeoperadrømmer i hodet. Skal man strebe mot landets høyeste allmennutdannelse, kreves det blant annet at man setter seg inn i Ibsens diktning, siden Ibsen altså var norsk, og det skal være kjedelig!»