Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
8

Barokken og det makabre – bilet- og tekstanalyse

S3 Litteratur David med Goliaths hode_s.jpg

Barokken og det makabre

Framstillinga i barokken av det makabre kan samanliknast med interessa for vald i vår tid slik det mellom anna kjem fram i PC-spel og film. 1600-talet var eit av dei blodigaste hundreåra i europeisk historie med krigar, inkvisisjonen, offentlege avrettingar og hekseforfølgingar. Det makabre rører sterkt ved kjenslene våre, og det er umogleg å stille seg likegyldig til det.

Spørsmål

  1. Kva myte er biletet henta frå? Kvifor trur du kunstnaren valde å framstille han med dette motivet?
  2. Samanlikn måleriet med «Aftensalme» av Dorothe Engelbretsdotter (s. 48 i Signatur 3 tekstsamling). Sjå på desse momenta:
    1. Kamp, straff og ein allmektig Gud
    2. Verkemiddel: Overdriving, kontrast og groteske element
  3. Finn bilete eller forteljingar frå i dag som inneheld liknande element. Kva er likskapen, og kva er forskjellane?

Skriveoppgåve

Drøft denne påstanden: Mykje av kunsten i barokken var politisk og religiøs propaganda, mens i dag er det makabre meir eit kommersielt verkemiddel.

Andre makabre bilete frå barokken:

Caravaggio: Judith halshogger Holofernes (Signatur 3 s. 220)

Rembrandt: Samson blir blinda, 1636