Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

KAPITTEL
4

Analyseskjema lyrikk – sjekkliste

Analyseskjema lyrikk

Desse punkta er meint som skrivehjelp og er enklare lagt opp enn skjemaet på side 96 i boka.

Last ned skjemaet her: Analyseskjema lyrikk.

Innleiing


Presenter diktet med tittel, forfattar, utgivingsår og namn på samlinga det stod i.


Oppbygning

Korleis er diktet bygd opp? Sjå på:

  • Strofer og verselinjer: Er diktet langt eller kort? Har det få eller mange strofer? Kor mange verselinjer er det i kvar strofe?
  • Rim og rytme: Er det eit tradisjonelt dikt med fast rim og rytme, eller er det eit moderne dikt utan rim?
  • Kva skjer i dei ulike delane av diktet? Finn du fleire enn eitt motiv? Forandrar stemninga seg? Korleis er slutten av diktet?

Verkemiddel

Korleis bruker forfattaren språket? Sjå på:

  • gjentakingar og parallellar
  • kontrastar
  • bokstavrim (lydar som blir gjentekne)
  • språklege bilete
  • fargar
  • humor og leik med språket

Tema

Kva handlar diktet eigentleg om? Kan du finne ei grunnstemning eller grunnkjensle i det? Ofte er dikt «gåter» som har fleire tydingar. Då kan du drøfte desse ulike tydingane. Men diktet kan òg vere rein språkleik som ikkje har noka djupare tyding.


Avslutning

Skriv gjerne di eiga meining om diktet og korleis det verkar på deg.