Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Kapittel 8 – Spørsmål og oppsummering – «Språk i kontakt»

Oppsummering av kapitlene i boka + kapittelquizer

Kapittel 8 – Spørsmål og oppsummering – «Språk i kontakt»

Har du forstått kapittelet? Test deg selv:

  1. Kva for språk har vi i Noreg?
  2. Kva for positive effektar har fleirspråklegheit?
  3. Kva for språkleg kompetanse har ein norsk elev etter ti års skulegang?
  4. Kva meiner ein med maktforhold mellom språk?
  5. Kva er ein multietnolekt?
  6. På kva måte skil språket i sportsreportasjar seg frå anna journalistisk språk?
  7. Gi eksempel på yrkesgrupper der engelsk er mykje brukt.

I et nøtteskall

I dette kapittelet har du lært kva som særpregar norsk samanlikna med andre europeiske språk. Norsk språk har to målformer, noko som i seg sjølv er spesielt, og vi aksepterer i større grad talemålsvariasjon enn dei gjer i andre land.

Norsk grammatikk har mange fellestrekk med andre europeiske språk, særleg germanske språk, slik som skiljet mellom sterke og svake verb og bestemt og ubestemt form av substantivet. I pronomena finn ein restar av kasusbøying frå norrønt. I setningslæra har norsk ei nokså fast ordstilling, mykje fordi vi manglar eit kasussystem.

På grunn av den språklege situasjonen i Noreg, med to likestilte målformer, mange dialektar og minoritetsspråket samisk, har nordmenn i utgangspunktet stor fleirspråkleg kompetanse. Men på grunn av maktforhold mellom små og store språk ser ein ikkje alltid på dette som ein rikdom.

Språk har alltid påverka kvarandre, og i dag ser vi dette spesielt gjennom dialektendring, engelsk påverknad og multietnolekten kebabnorsk.