Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Camilla Collett – Hvad rager det oss – oppgaver og teksten

Sakprosa

Camilla Collett: «Hvad rager det oss?» – oppgaver

Opplegget høyrer saman med delen «Camilla Collett: kvinnesaksforkjempar og essayist» som startar på s. 249 i Intertekst Vg3. Les meir om talen på s. 251.

vg3_Camilla Collett.jpg Wikimedia Commons

Camilla Collett
Camilla Collett (1813–1895) er mest kjend for Amtmandens Døttre (1854–55), ofte kalla den første problemromanen i Noreg. Her set forfattaren søkelyset på oppsedinga av jenter og korleis denne verka undertrykkande. Men Collett må også reknast som ein av dei viktigaste sakprosaforfattarane i Noreg på 1800-talet, med reisebrev frå europeiske storbyar, litterære essays og sjølvbiografiske tekstar. «Hvad rager det os?» blei først halden som tale i München i 1877, seinare trykt i samlinga Mod Strømmen II (1885)

Innleiing: «Om at være i Sandhed» er ei av Bjørnsons store taler, ei tale som kom til å påverke mange, både i samtida og i tiåra etterpå. Bjørnson var invitert til ein fest i Studentersamfunnet, og det er denne festen han viser til, både i innleiinga og i avslutninga. I innleiinga viser han til «en Mand» som han ikkje nemner namnet på. Men alle som var i salen visste kven han sikta til: Svenskekongen Oscar II hadde halde ei tale til studentane i Uppsala tidlegare same året. Den sentrale bodskapen hadde vore truskap mot samfunnsautoritetane. Dette var ei sanning som også studentane måtte vere lojale mot, meinte svenskekongen. Dette er Bjørnsons utgangspunkt.

«Hvad rager det os?» (1877)

Førlesing

Kva kjenneteiknar ei 17. mai-tale? Set opp stikkord på tavla.

Arbeidsoppgåver

  1. På kva måte avvik Colletts tale frå dei 17.-maitalene du kjenner?
  2. Lag ein retorisk analyse av Colletts tale.
  3. I kva grad har Colletts tale relevante moment for ei drøfting av kvinners stilling i samfunnet i dag?