Nettressurs for Norskboka vg2 yrkesfag finner du på norskboka.fagbokforlaget.no | Nettressurs for Intertekst påbygging vg3 finner du på intertekst.fagbokforlaget.no

Kapittel 11 – Norrønt og moderne norsk

Klikk her for å laste ned fasiten.


Fasiter til oppsummeringsspørsmålene

Kapittel 11 – Norrønt og moderne norsk

1. Kva kjenneteiknar urnordisk?

Runeskrift, lange ord

2. Kva skjedde i synkopetida?

Bortfall av mange lydar, orda blei kortare

3. Kva er bryting?

Ein lydovergang, der urnordisk -e går over til -ja / jǫ. I andre germanske språk har denne e-en blitt ståande. Derfor: tysk erde – norsk jord

4. Kva vil det seie at norrønt var eit kasusspråk?

Kasusspråk betyr at orda blei bøygde etter kjønn og funksjon i setninga (t.d. om ordet står som subjekt eller objekt).

5. Kva betyr at eit språk har SVO-oppbygnad av setningane?

Setningane har fast oppbygnad med rekkefølgja
Subjekt (S) – verb (V) – Objekt (O)

6. Kvifor er det sett ei språkhistorisk grense ved ca. 1050?

Med innføringa av kristendommen kom både eit nytt alfabet og eit nytt språk (latin) til Noreg.

7. Kva for restar av det gamle kasussystemet kjenner du til frå ditt eige språk?

Læreboka nemner «til fjells,», «til sjøs», «til fots».
Andre er t.d. «til bunns», «til skogs», «til lands», «til havs»