1. Verb som endar på -st


Nynorsk – drilloppgaver – Verb

Verb som endar på -st

Set inn rett form av desse verba:


Det (finnast) nokon som tvilar på at det (finnast) UFOar. Ein kan (synast) kva ein vil om dei, men eg kjenner meg nokså trygg på at dei må (finnast). Eg (synast) fleire burde ha eit ope sinn når det handlar om overnaturlege fenomen. Men det (spørjast) om folk er einige i det. Det som (kjennast) sant for meg, (høyrast) kanskje heilt uverkeleg for andre. Eg for min del håpar å få møte ein skapning frå rommet. Når vi ein gong skal (møtast), vil eg spørje kva han (synast) om jordkloden. Han kan umulig (synast) vi er særleg intelligente her nede. Men etter at vi har (møtast), kan vi kanskje halde kontakten. Det (trengast) ikkje mykje fantasi for å sjå for seg kva for ein sensasjon dette ville bli. Eg (trivast) med mykje merksemd, det (høyrast) kanskje litt sjølvgodt ut. Likevel er eg sikker på at alt oppstyret vil (følast) spennande og utviklande. Eg har alltid (synast) eg veks på slike oppgåver, og då eg var liten (høyrast) eg kanskje litt veslevaksen ut. Men eg (trivast) altså med det. Eg gler meg til eg blir gamal. Då skal eg (minnast) mine møte med UFOar - for dei må (finnast), det er eg sikker på.